Vant skrivekonkurransen med diktet «Arbeidsliv»
Aurora Kobernus (21) vant skrivekonkurransen om doble minoriteter i møte med arbeidslivet. Her kan du lese vinnerdiktet.
Unge med funksjonsnedsettelser og kronisk sykdom, som også tilhører andre minoriteter kan være mer utsatt for diskriminering i arbeidslivet.
Mange unge med funksjonshemming og kronisk sjukdom tilhøyrer i tillegg andre minoritetar. I denne rapporten har vi samla kunnskap om kva unge dobbelminoritetar fortel om diskriminering i arbeidslivet.
I denne rapporten har vi intervjua og gjennomført ei spørjeundersøking for unge som både har ei funksjonshemming eller kronisk sjukdom òg høyrer til andre minoritetsgrupper – som at ein er skeiv, samisk, muslim, eller innvandrar.
Rapporten viser at det å tilhøyre fleire minoritetar kan gjere ein ekstra utsett for diskriminering. Mange fortel om omfattande diskriminering i arbeidslivet, mot funksjonsevne, etnisitet, seksuell orientering, kjønnsidentitet, religion, eller kombinasjonar av desse.
Nederst på denne sida kan du laste ned rapporten Dobbelminoritet – dobbelt diskriminert? Unge dobbelminoritetar i møte med arbeidslivet.
Diskriminering har ei rekke negative konsekvensar, både for den enkelte og for samfunnet.
Blant anna kan diskriminering gå utover psykisk helse, forventningar til livet, openheit, effektivitet og deltaking i arbeidslivet.
– Er det fordi eg er mørk, er det fordi eg er sjuk, eller fordi eg er begge deler? Eg syns det ofte er vanskelig å skille det. Eg trur ofte at mykje kan vere ein kombinasjon.
– Ung dobbelminoritet
Rapporten viser at lite blir gjort i praksis for å motarbeide diskriminering i arbeidslivet av dobbelminoritetar.
Svært få melder ifrå om diskriminering i arbeidslivet på fleire grunnlag. I tillegg jobbar partane i arbeidslivet og minoritetsorganisasjonar i liten grad med dobbelminoritetar.
Unge som tilhøyrer fleire minoritetar og som opplever diskriminering står difor i fare for å falle mellom fleire stolar.
Samtidig er det mange som har ei rekke positive erfaringar av å bli tatt godt imot i arbeidslivet, som syner at arbeidsgivarar kan få til inkludering.
Arbeidsgivarane som inkluderer godt, gjer det mellom anna ved å skape eit inkluderande arbeidsmiljø, verdsette kompetanse, og ta kritikk om urettferdige forhold på alvor.
– I forhold til å vere same, det er meir sånn som vi flirer av kor dum dei er. Mens i forhold til å vere funksjonshemma så er det ‘Off, kva er det i vegen med meg?`
– Ung dobbelminoritet
I rapporten Dobbelminoritet – dobbelt diskriminert? Unge dobbelminoriteter i møte med arbeidslivet har Unge funksjonshemmede samla kunnskap om kor omfattande diskriminering av unge som tilhøyrer fleire minoritetar er, korleis den kan sjå ut, og kva som blir gjort for å motarbeide den.
Rapporten er basert på ei spørjeundersøking og på intervjuer med 14 ungdommar og unge vaksne som både har ei funksjonshemming eller kronisk sjukdom, og tilhøyrer andre minoritetsgrupper.
I tillegg har vi gått gjennom eksisterande kunnskap, analysert rettleiings- og klagesaker hos LDO, og gjennomført fokusgrupper for partane i arbeidslivet og minoritetsorganisasjonar.
Rapporten vart lansert på FN-dagen for personar med nedsett funksjonsevne 3. desember 2018.
Prosjektet starta opp oktober 2017, og er støtta av Barne-, ungdoms-, og familiedirektoratet (Bufdir). Prosjektleiar er Eivind Digranes.
Vi har òg gjennomført ein skrivekonkurranse om det å vere dobbelminoritet i møte med arbeidslivet.
Ta kontakt for å få tilsendt rapporten i andre format.
Rapporten Dobbelminoritet - dobbelt diskriminert? (pdf, 5 MB)
Aurora Kobernus (21) vant skrivekonkurransen om doble minoriteter i møte med arbeidslivet. Her kan du lese vinnerdiktet.
Gaute Granlund (34) vant andreplassen i skrivekonkurransen om doble minoriteter i møte med arbeidslivet. Her kan du lese teksten.
Kristina Jeanette Mersland (29) vant tredjeplassen i vår skrivekonkurranse om doble minoriteters møte med arbeidslivet. Her kan du lese teksten.