En gruppe mennesker sitter rundt et langborg og diskuterer. Foto.

Gjennom nordiske nettverksmøte samarbeider vi med representantar frå våre medlemsorganisasjonar og systerorganisasjonar i Sverige og Danmark.

Nordisk nettverksmøte i Oslo

Denne veka arrangerte Unge funksjonshemmede nordisk nettverksmøte for representantar frå våre medlemsorganisasjonar og systerorganisasjonar i Sverige og Danmark.

Publisert 11. desember 2015

Skrevet av Unge funksjonshemmede

Målet med dei to dagane er å bli betre kjent på tvers av landegrenser og lære av kvarandre sitt arbeid. Gruppa har mellom anna diskutert nordiske utfordringar og korleis ein kan fremme samarbeid mellom organisasjonar for diagnosar og kronisk sjukdom.

– Organisasjonane har i samarbeid bestemt kva format samarbeidet skal ha, og kome fram til at det er ønskeleg å jobbe meir mot EU for å påverke dei avgjerdene som blir tekne på europeisk nivå. Vi har også lagt ein plan for korleis vi skal gå fram med arbeidet vidare, fortel prosjektleiar i Unge funksjonshemmede, Jan Thomas Hagen.

Gruppa har også dykka ned i aktuelle saker, og mellom anna diskutert universell utforming og grensehinder i høgare utdanning.  Universell som jobbar for å fremme inkluderande læringsmiljø for studentar med funksjonsnedsettingar i høgare utdanning, stilte for å ta opp temaet om studentar med funksjonshemming ogutveksling.

– Det er eit generelt mål at 20 % av alle norske studentar skal reise på utveksling. Talet på personar som reiser på utveksling med funksjonshemming og tilretteleggingsbehov er dessverre svært lågt, fortalte seniorrådgjevar i Universell, Marit Svendsen.

Det er ei målsetning for Nordisk nettverk å halde nettverksmøter ein gang i året, og elles halde dialog med nordiske samarbeidspartnarar om aktuelle saker gjennom året.