Nærbilde av dokumenter. Foto.

– Styrking av tenesta med øyremerkte midlar har vi kjempa for i mange år. Det er på tide at vi vert høyrde, seier generalsekretær Lars Rottem Krangnes.

Endeleg er helsesystrer på budsjettet

Unge funksjonshemmede fekk eit etterlengta gjennomslag i budsjettavtalen mellom regjeringspartia, KrF og Venstre – øyremerkte midlar til å styrke skulehelsetenesta.

Publisert 5. desember 2015

Skrevet av Unge funksjonshemmede

Vi feirar ein stor siger når dei fire partia no har blitt einige om 100 friske, og ikkje minst øyremerkte skulehelsemillionar, i tillegg til dei ekstra midla som vart lova i regjeringas opprinnelege budsjettforslag i oktober.

– Styrking av tenesta med øyremerkte midlar har vi kjempa for i mange år. Det er på tide at vi vert høyrde, seier generalsekretær Lars Rottem Krangnes.

Ei undersøking gjennomført av Magasinet Sykepleien viser at såkalla frie midlar som har gått til kommunane og er tiltenkt skulehelsetenesta, ikkje har gitt ei reell styrking av tilbodet. Store delar av pengane har gått til heilt andre formål, på bakgrunn av manglande øyremerking og dårleg kommuneøkonomi.

Meir til ungdomshelse

Unge funksjonshemmede meiner likevel at dette ikkje er tilstrekkeleg. I 2016 legg helseministeren fram den varsla ungdomshelsehelsestrategien. Vi meiner det bør settast av midlar til å gjennomføre fleire konkrete tiltak og implementere strategien.

–  Det er nødvendig for å sikre eit godt tilpassa ungdomshelsetilbod i heile landet, seier Krangnes.

Kuttar i arbeidslivstiltak

Innan arbeid og sosial er det dessverre få lyspunkt å spore. Budsjettavtalen viser mellom anna kutt i ordninga ”Raskere tilbake”, tilskot til habilitering og rehabilitering for sjukemeldte med 20 millionar. Ordninga ”Forsøk på tilretteleggingstilskot for arbeidssøkarar” vert også føreslått kutta med 10 millionar.

– Desse kutta tyder på at regjeringa ikkje har ambisjonar om at tiltaka skal bli tatt meir i bruk, tvert imot, sjølv om det utvilsamt hadde vore samfunnsøkonomisk lønsamt. Alle er einige om at fleire med nedsett funksjons- eller arbeidsevne må få prøve seg i arbeidlivet, likevel kuttar ein løyvinga til dei konkrete tiltaka. Det er for svakt, seier Krangnes.

I statsbudsjettet er det lagt opp til 4000 nye tiltaksplasser og vi er positive til at 1000 av dei er øyremerka for ungdom, men er overraska over at det ikkje kjem nye plassar spesielt for personer med nedsett arbeidsevne.

– Behovet er langt større. Det trengst ei auke i talet på plassar i arbeidsmarknadstiltak for personar med nedsett arbeidsevne, i tillegg til auke i løyvinga til tiltak i jobbstrategien for personar med nedsett funksjonsevne, seier Krangnes.