Tilrettelagt for tilrettelegging? (2011)

Rapporten handlar om lærarar sitt syn på informasjon om tilrettelegging i vidaregåande opplæring. Den syner korleis lærarar får informasjon om kva tilretteleggingsbehov elevane har.

Publisert 3. oktober 2017

Skrevet av Unge funksjonshemmede

Rapporten byggjer på intervju med 10 lærarar, som vart gjennomført hausten 2011.

Foreldra er ei sentral informasjonskjelde

Rapporten viser at foreldre er ei sentral informasjonskjelde for lærarane når det gjeld elevar med tilretteleggingsbehov. Fleire lærarar meiner foreldra si rolle er heilt avgjerande i tilrettelegginga.

Satsing på rådgjevarane

Rådgjevar har ei sentral rolle som informasjonsgjevar for lærarane. Nokre lærarar poengterar imidlertid at arbeidsbelastninga på rådgjevaren kan bli ganske stor.

Unge funksjonshemmede tilrår derfor ei styrking av rådgjevarressursen. Me meiner rådgjevar bør vera ein tilretteleggingkoordinator som er orienter om lover og rettar elevane har, og syter for at dei får den tilrettelegginga dei har krav på. Me meiner og det trengst ei styrking av rådgjevarressursen på den måten at rådgjevar får meir tid per elev.

Dei sentrale utfordringane

  • Rapporten viser at lærarar opplever at informasjon dei får om tilretteleggingsbehov ikkje alltid stemmer, noko som kan hindra at ein får gjort naudsynte grep før skulestart.
  • Rapporten viser at læraryrket er prega av mykje byråkrati. Lærarar må bruka tid på å rapportera for å innfri formelle krav, utan at dei nødvendigvis ser på rapporteringa som nyttig.
  • Rapporten peikar på at skulesektor og helsesektor i for liten grad kommuniserer med einannan. Unge funksjonshemmede føreslår at dette kan betrast gjennom ei koordinering mellom individuell plan (IP) og individuell opplæringsplan (IOP).

Vil vera vanlege

Elevar med tilretteleggingsbehov vil vera som alle andre. Mange lærarar framhevar at elevar med tilretteleggingsbehov ikkje vil skilja seg ut. Enkelte lærarar fortel og om episodar der elevar ikkje ønsker tilrettelegging dei har rett på, og ein kan spørja seg om ønsket om å «gli inn i mengda» er grunnen.