En person med amputert fot holder en plakat, med teksten "Mitt handicap er at jeg ikke har noen jobb å gå til. Bare fire av ti unge funksjonshemmede er i jobb. Vi vil at flere skal få sjansen. Du kan bidra, les mer på ungfunk.no. Foto med grafikk.

Mitt handicap er at jeg ikke har noen jobb å gå til

Denne kampanjen fra 2014 satte fokus på barrierene for at unge med funksjonsnedsettelser kan delta i arbeidslivet.

Mange unge med funksjonsnedsettingar slit med å kome i jobb.

Berre fire av ti unge funksjonshemmede jobbar, og dette talet har vore stabilt i over 20 år. Skal vi snart gjere noko med det?

Still kven som helst på Stortinget det spørsmålet, og du får eit rungande JA! Alle er samde om at vi treng denne arbeidskrafta. Men trass i at dei politiske måla har vore tydelege lenge, er det langt att til målstreken: Like moglegheiter i arbeidslivet for alle.

Dyrt å satse, dyrare å la vere

Det er krevjande å få sin første jobb. Det er endå meir krevjande å overtyde ein arbeidsgjevar om å satse på ein som også treng tilrettelegging. Difor er det merkeleg at dei løysingane vi veit funkar, blir brukt i alt for liten grad. Utdanning er det fremste eksemplet. Forskarane fortel at utdanning i endå større grad er nøkkelen til jobb for ungdom med funksjonsnedsettingar enn for andre. Likevel er det færre som får utdanning som tiltak i NAV enn før, og mange slit med å få tilrettelagd undervisning. Det kostar ofte å gje ungdom i denne gruppa den kompetansen dei treng for å få brukt si arbeidsevne, men det er langt dyrare å presse dei over i arbeidsløyse og full uføretrygd.

I fjor starta regjeringa ein gjennomgang av NAV for å identifisere byråkratiske hinder for rett tiltak for den enkelte. Ein mastergrad er riktig tiltak for nokre, praksisplass i ei handverksbedrift for andre. Jobbsøkjar- og CV-kurs i regi av NAV viser seg å vere riktig for dei færraste. Tiltaka må følgje behov, men alt for ofte ser vi at avgrensing i talet på plassar, for snevre budsjettrammer eller firkanta regelverk som hindrar dette.

Løysingane finst, prioriteringane uteblir

Ekspertane som gjennomgår NAV, har vist at NAV sviktar i kommunikasjonen med brukarane. Dette gjeld spesielt ungdom, som er lite vant til å forhalde seg til tungrodd og lite digitalisert byråkrati. Mange kokkar gir dessutan som kjent mykje søl, og søl blir det når éin brukar får stadig nye sakshandsamarar. Det er mogleg å gje brukarane eitt telefonnummer, ei nettside og ein kontaktperson.

Eit NAV for ungdomar må ha rutiner for erfaringsutveksling regionar imellom, og nasjonale retningslinjer for samarbeid med skular og helseteneste. Det fordrar at NAV-kontora har ressursar til nødvendig tilrettelegging og hjelpemiddel. Rapporten The NAVigator, som Unge funksjonshemmede lanserte i fjor, viser at mange lokale NAV-kontor oppnår gode resultat. Men ordningane er ofte prosjektbasert, og kunnskapen forsvinn når prosjektet er over.

Forsterka IA-avtale til lite nytte

Regjeringa var klar i talen om å forsterke målet om å få fleire unge med funksjonsnedsettingar i jobb. Samtidig fins det enno mange hinder i systema for å kvalifisere ungdomane. Då er ikkje opning for større bruk av mellombelse tilsetjingar tilstrekkeleg, kanskje heller ikkje ei riktig løysing. Saman med partane i arbeidslivet må regjeringa løfte diskusjonen om kva som skal til for å skape den framveksten av nye deltidsjobbar som trengst for at også fleire delvis uføre kan få brukt restarbeidsevnen. Det manglar med andre ord ikkje på midlar for å kome langt nærmare målet om eit arbeidsliv med rom for fleire. Likevel er vi i det same uføret som for tjue år sidan. Blir stillstand i same uføre også denne arbeidsministerens ettermæle?

Vil du bidra? Det kan du:

  • som politikar: fjerne hinder i systemet og styrke ungdomskompetansen i NAV.
  • som arbeidsgjevar: sjå individet og kva ein er i stand til å gjere. Alle er forskjellige og vil ha behov for tilrettelegging en eller flere ganger i løpet av en arbeidskarriere. som kollega: Skap tryggleik og takhøgde og ha ei instilling om at ein kan lære av feil.
  • som arbeidssøkjar: Kontakt Unge funksjonshemmede eller ein av våre medlemsorganisasjonar for å få informasjon om kurs, eller interessepolitisk arbeid du kan engasjere deg i.
  • som engasjert: Støtt gjerne vårt arbeid for at fleire med nedsett funksjonsevne skal få moglegheiter i arbeidslivet! Alle støtte går direkte til vårt arbeid på arbeidslivsfeltet. Kontonummer: 7035.20.10896. Merk bidraget med namnet ditt og «En jobb å gå til».