Innspill til ny lov om bostøtte

Innspill fra 29. Juli 2011 til Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) om ny lov om bostøtte.

Publisert 29. juli 2011

Skrevet av Unge funksjonshemmede

Unge funksjonshemmede har levert høyringssvar til ny lov om bustøtte. Organisasjonen har kome med ei rekke konkrete framlegg til korleis ordninga kan bli effektiv og målretta.

Kommunal- og Regionaldepartementet har sendt på høyring framlegg til ny lov og ny forskrift om bustøtte. Dette er den viktigaste bustadsosiale ordninga i Noreg, og mange unge med nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom får hjelp av ordninga til å bu godt og trygt.

Regjeringa har dei siste åra utvida og forbetra ordninga. Dei nye forslaga tek i hovudsak sikte på å lovfesta ordninga som ho er i dag, men nokre endringar blir det.

I høyringssvaret frå Unge funksjonshemmede legg me serleg vekt på:

  • Terskelen for kreva tilbakebetalt bustøtte ved auka inntekt må ikkje settast for lågt.
  • På grunn av omlegginga av uførepensjonen (med auka bruttoutbetalingar, og skatt) må ung uførtillegget i bustøtta hevast tilsvarande som bustøtta sitt bruttonivå for å unngå auka fattigdom blant unge med nedsett funksjonsevne.
  • Folk som har spesielle behov i bustaden må kunne få ekstra buutgifter dekka av bustøtta.