Høringssvar om byggeregler

Høringssvar fra 20. september 2011 til Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) om endringer i Forskrift om byggesak og Forskrift om tekniske krav til byggverk.

Publisert 20. september 2011

Skrevet av Unge funksjonshemmede

Unge funksjonshemmede er opptekne av at byggereglane må sikra klare og tydelege krav til universell utforming. Det er ein føresetnad for å få eit meir tilgjengeleg samfunn.

Kommunal- og regionaldepartementet sendte på forsommaren 2011 ut framlegg til endringar i Teknisk forskrif og Byggesaksforskrifta.Unge funksjonshemmede har i sitt høyringssvar kommentert nokre av framlegga.

Tilgjengelege bad?
Departementet føreslår å fjerna søknadsplikta for etablering eller endring av våtrom. Unge funksjonshemmede fryktar at det kan gje færre universelt utforma bad, og har kome med framlegg til korleis reglane kan forenklast samanlikna med i dag, samstundes som omsynet til universell utforming blir betre sikra enn med regjeringa sitt framlegg.

Tekniske krav
Departementet har i tillegg føreslått ein del mindre endringar i Teknisk forskrift. Unge funksjonshemmede stør ein del av endringane, men åtvarar mot nokre av dei. Det gjeld endringar som ser ut til å vera forsøk på å svekka krava til kva som skal til for at eit byggverk skal kunne seiast å vera universelt utforma.