Portrett av kvinne. Foto.

– Vi krev at regjeringa øyremerker alle midlane som er tiltenkt å styrke skulehelsetenesta, seier styreleiar i Unge funksjonshemmede Camilla Lyngen.

Det er på tide å sikre eit godt skulehelsetilbod, Bent Høie!

Ingen fylker i landet oppfyller minstenorma for helsesystrer. Det betyr at ungdoms- og vidaregåande elevar landet over står utan eit godt lågterskeltilbod.

Publisert 10. desember 2015

Skrevet av Unge funksjonshemmede

Den ferske studien som tidsskriftet Sykepleien publiserte i dag, avdekker at det er stor avstand mellom helsemyndigheitene si anbefalte minimumsnorm til oppfylt norm for dei aller fleste skulane i heile landet.

– Dette viser atter ein gong at øyremerking av midlar til helsesystrer er heilt essensielt for å sikre eit godt helsetilbod, seier styreleiar i Unge funksjonshemmede, Camilla Lyngen.

Unge funksjonshemmede krev øyremerking

I regjeringa sitt budsjettforslag var det lagt opp til 200 friske millionar for skulehelse som ikkje er øyremerka. I regjeringas budsjettavtale med KrF og Venstre, som blir vedtatt i Stortinget, er det lagt til ytterlegare 100 millionar. Desse er øyremerka, men det er uklårt korleis dei blir fordelt.

– Vi krev at regjeringa øyremerker alle midlane som er tiltenkt å styrke skulehelsetenesta. Berre på denne måten vil det vere mogleg å nærme seg minstenorma for bemanning i alle kommunar og ved alle skular, seier Lyngen.

Reell opptrapping?

Sjølv om det er tverrpolitisk semje om å styrke skulehelsetenesta, er det lite kontroll med korleis midlane som går ut til kommunane vert nytta.

– Skal vi sikre alle eit godt helsetilbod må helseminister Bent Høie (H) gå inn for øyremerking. Vil Høie gå inn for opptrapping av skulehelsetenesta, som denne undersøkinga igjen viser at det er så tydelig at vi treng? spør Lyngen.

Avdekker geografiske skilje

Undersøkinga viser at ikkje berre varierer skulehelsetilbodet alt etter kor eleven bur, men også om han går på ein stor eller ein liten skule, og kor vidt han er elev ved ein ungdoms- eller vidaregåande skule.

– Vi kan ikkje ha eit helsetilbod som varierer på denne måten. Det er ikkje forsvarleg og sikrar ikkje eit godt og stabilt tilbod for nokon, seier Lyngen.

I utdjupinga av lovteksten står det spesifikt at skulehelsetenesta skal vere eit lågterskeltilbod med moglegheit for elevar å droppe innom.

– Ei slik ordning fins ikkje i dag. Vi må ha ambisjonar om ei teneste som er der eleven er når eleven treng den, seier Lyngen.