Hopp til hovedinnhold

Tilrettelagt for tilrettelegging?

9. desember lanserte Unge funksjonshemmede ein rapport med tittelen «Tilrettelagt for tilrettelegging?» Rapporten viser korleis lærarar får informasjon om kva tilretteleggingsbehov elevane har.

– Lærarar sitt syn på informasjon om tilrettelegging i vidaregåande opplæring»

Rapporten er utarbeidd av Maren Rognaldsen, som hausten 2011 intervjua 10 lærarar i vidaregåande skule om informasjon rundt tilretteleggingsbehov.

 

Foreldra er ei sentral informasjonskjelde

Rapporten viser at foreldre er ei sentral informasjonskjelde for lærarane når det gjeld elevar med tilretteleggingsbehov. Fleire lærarar meiner foreldra si rolle er heilt avgjerande i tilrettelegginga.

 

Satsing på rådgjevarane

Rådgjevar har ei sentral rolle som informasjonsgjevar for lærarane. Nokre lærarar poengterar imidlertid at arbeidsbelastninga på rådgjevaren kan bli ganske stor.

Unge funksjonshemmede tilrår derfor ei styrking av rådgjevarressursen. Me meiner rådgjevar bør vera ein tilretteleggingkoordinator som er orienter om lover og rettar elevane har, og syter for at dei får den tilrettelegginga dei har krav på. Me meiner og det trengst ei styrking av rådgjevarressursen på den måten at rådgjevar får meir tid per elev.

Problem rapporten har avdekka:
  • Rapporten viser at lærarar opplever at informasjon dei får om tilretteleggingsbehov ikkje alltid stemmer, noko som kan hindra at ein får gjort naudsynte grep før skulestart.
  • Rapporten viser at læraryrket er prega av mykje byråkrati. Lærarar må bruka tid på å rapportera for å innfri formelle krav, utan at dei nødvendigvis ser på rapporteringa som nyttig.
  • Rapporten peikar på at skulesektor og helsesektor i for liten grad kommuniserer med einannan. Unge funksjonshemmede føreslår at dette kan betrast gjennom ei koordinering mellom individuell plan (IP) og individuell opplæringsplan (IOP).
 Vil vera vanlege

Elevar med tilretteleggingsbehov vil vera som alle andre.Mange lærarar framhevar at elevar med tilretteleggingsbehov ikkje vil skilja seg ut. Enkelte lærarar fortel og om episodar der elevar ikkje ønsker tilrettelegging dei har rett på, og ein kan spørja seg om ønsket om å «gli inn i mengda» er grunnen.

Vedlegg

Rapport om frafall

Unge funksjonshemmede produserte i september 2011 en rapport om elever med nedsatt funksjonsevne og frafall i skolen.

Nyhetsbrev om utdanning

Unge funksjonshemmede publiserte i februar 2012 et nyhetsbrev om tilrettelegging i utdanningen.

Rapport om tilrettelegging

Unge funksjonshemmede har laget en rapport om tilrettelegging for studenter med usynlige funksjonsnedsettelser.