Hopp til hovedinnhold

Våre løysingsframlegg

Dette er dei åtte viktigaste grepa me meiner må takast for å betre unge med nedsett funksjonsevne si stilling i bustadmarknaden.

  1. Ei ny stortingmelding som tek opp bustadpolitikken i full breidde, og mellom anna utreier ulike måtar å regulera Husbank-renta på, samt ulike modellar for reguleringa av den private utleigemarknaden.
  2. Innføring av ei merkeordning hos eigedomsmeklarar for kor tilgjengeleg bustaden er, for å betra informasjonen for kundar.
  3. Gradvis trappa opp det statlege tilskotet til kommunale utleigebustadar frå 20 til 50%, for å auka tilgongen på billige utleigebustadar for ungdom.
  4. Sikra at ingen fell mellom Startlån og bustøtta, gjennom å innføra ein nasjonal standard som seier at ingen kommunar kan ha høgare minsteinntektskrav for tildeling av Startlån enn maksimalinntekta for å få bustøtte.
  5. Auka satsinga på Startlån, for å gjera det muleg for fleire å eiga eigen bustad.
  6. Styrking av bustad som rettigheit for unge, gjennom å sikra at NAV og Husbanken sitt regelverk respekterer denne retten.
  7. Endra regelverket og auka satsinga på Grunnlån frå Husbanken for å støtta bygginga av fleire universelt utforma bustadar.
  8. Sikra at tilpassingar på bustaden som er naudsynt grunna diagnose blir dekka gjennom tilskot, medan utbetringar som aukar salsverdien framleis blir finansiert gjennom lån.

For meir informasjon om dei ulike tiltaka, og bakgrunnen for kvifor dei er naudsynte, sjå vårt bustadpolitiske notat.

Notat om bustadpolitikk

Her kan du lasta ned Unge funksjonshemmede sitt notat om bustadpolitikk.

Nyhendebrev om bustadpolitikken

Her kan du lasta ned Unge funksjonshemmede sitt nyhendebrev om bustadpolitikken.

Rapport

Last ned rapporten "Heim, kjære heim?" om busituasjonen for unge med nedsett funksjonsevne.