Hopp til hovedinnhold

Universell utforming på frammarsj?

Det blir etter kvart fleire bustadar som er tilgjengelege for alle, men det går veldig treigt. Unge funksjonshemmede meiner difor at noko må gjerast.

Som eit ledd i oppfyljinga av den nye diskriminerings – og tilgjengelegheitsloven har regjeringa lansert ein handlingsplan for arbeidet med universell utforming og auka tilgjengelegheit i perioden frå 2009 til 2013[1]. Målet for planen er at Noreg skal vera universelt utforma innan 2025. Bustadar er eit av satsingsområda.

Korleis står det til?

Det manglar fullgod statistikk på kor stor del av bustadmassen som er universelt utforma. Når det gjeld livsløpsstandard og besøksstandard finst det nokre år gamal informasjon som viser at sju prosent av bustadane i landet har livsløpsstandard, medan elleve prosent har besøksstandard.

Eit serleg problem er såkalla lågblokker. I underkant av 90 prosent av blokker med tre-fem etasjar mangla heis ved årtusenskiftet. Regjeringa har pålagt heis i alle nye bustadblokker med meir enn tre etasjar. Dette vil hjelpa på i nybygde blokker, men ikkje påverka eksisterande bygningar [2].

Utviklingstendensar

Veldig få av bustadane som blei bygd før 1970 er tilgjengelege for rullestolbrukarar. På sytti- og åttitalet auka delen noko, spesielt for småhus. Når det gjeld bustadar bygd etter 1990 er ein langt høgare del tilgjengeleg for rullestolbrukarar. Høgast er delen i blokker, kor over 35 prosent er tilgjengeleg.

Det er ein klar skilnad mellom einebustadar finansiert av Husbanken og einebustadar som er privat finansiert. Over halvparten av dei 6200 bustadane som fekk tilsegn om Husbanken sitt Grunnlån til oppføring eller utbetring oppfyljer krava til universell utforming[3]. Samstundes har ein stadig lågare del av nybygde bustadar støtte frå Husbanken[4].

Tendensen er altså at ein aukande del av nye bustadar har livsløpsutforming eller universell utforming, men det vil med dagens tempo ta veldig lang tid før ein tilfredsstillande del av bustadane er tilgjengelge for alle.

Unge funksjonshemmede meiner:
  • Det må lagast statistikk som viser kor mange bustadar som er universelt utforma, livsløpsutforma eller har besøksstandard.
  • Det må lagast prognosar for kor mange bustadar av dei ulike tilgjengelegheitsgradene som trengst for å dekka framtidig etterspurnad.
  • Den samla kunnskapen må nyttast til å vurdera kva politiske grep som må gjerast for å sikra at tilbodet dekkar etterspurnaden.

 

[1] Handlingsplan: Norge universelt utformet 2025. BLD 2009.

[2] Statusrapport 07. Samfunnsutviklingen for personer med nedsatt funksjonsevne. S 67-69.

[3] Handlingsplan: Norge universelt utformet 2025. BLD 2009.

[4] LO, Samfunnspolitisk avdeling. Samfunnsnotat nr 4. 2009.

Notat om bustadpolitikk

Her kan du lasta ned Unge funksjonshemmede sitt notat om bustadpolitikk.

Nyhendebrev om bustadpolitikken

Her kan du lasta ned Unge funksjonshemmede sitt nyhendebrev om bustadpolitikken.

Rapport

Last ned rapporten "Heim, kjære heim?" om busituasjonen for unge med nedsett funksjonsevne.