Hopp til hovedinnhold

Universell utforming - Ikkje så dyrt likevel

Ein forskingsrapport viser at påstandane om at krav om universell utforming gjer alle bustadar mykje dyrare er feil. Dette gjer argumentasjonen for universell utforming endå sterkare.

Regjeringa innførte sommaren 2010 krav om at alle nye bustadar skal vera tilgjengelege for alle, gjennom universell utforming. Motstandarar av regelen, mellom anna ein del innanfor byggenæringa, hevda at dette ville føra til mykje høgare bustadprisar, og serleg ramme unge i etableringsfasa.

  • No viser ein ny rapport frå Sintef at universell utforming ikkje førar til klart dyrare bustadar. Hovudkonklusjonane i rapporten er at dei nye reglane kan føra med seg visse kostnadsaukar, men dei er stort sett under 40 000 kr.
  • I tillegg konkluderer rapporten med at krava til universelt utforma baderom (mellom anna med plass til å snu rullestolen korkje fører til at badet blir altfor stort eller at det blir vesentleg dyrare enn før.

Rapporten blei produsert på oppdrag frå Kommunal – og regionaldepartementet og kom i november 2010. - Eg er nøgd med å få stadfesta at dei nye byggjekrava gjer det fullt muleg å byggje små og rimelege leilegheiter, og samstundes sørgje for krava til tilgjenge. Vi treng bustader som er utforma slik at dei kan nyttast av alle, seier statsråd Liv Signe Navarsete i fylje departementet si pressemelding om saka.

Les meir om rapporten.

Notat om bustadpolitikk

Her kan du lasta ned Unge funksjonshemmede sitt notat om bustadpolitikk.

Nyhendebrev om bustadpolitikken

Her kan du lasta ned Unge funksjonshemmede sitt nyhendebrev om bustadpolitikken.

Rapport

Last ned rapporten "Heim, kjære heim?" om busituasjonen for unge med nedsett funksjonsevne.