Hopp til hovedinnhold

Nyhendebrev om bustadpolitikk

Unge funksjonshemmede ga i oktober 2010 ut eit nyhendebrev om bustadpolitikken. Det gir ei kort innføring i dette viktige politikkområdet.

I vårt nyhendebrev kan du lese eit intervju med leiaren for Kommunalkomiteen på Stortinget, Heikki Holmås, som tar til orde for ein meir aktiv bustadpolitikk og fleire billige utleigebustadar. Du kan òg lære meir om dei nye reglane for universell utfoming i alle nye bustadar, som regjeringa har innført.

Nyhendebrevet inneheld òg informasjon om kva utfordringar ulike medlemsorganisasjonar i Unge funksjonshemmede opplever på bustadsmarknaden. Sist, men ikkje minst, blir det òg gjort reie for kva tiltak Unge funksjonshemmede meiner er naudsynte for å sikre alle ein lik rett til ein god bustad.

Vedlegg

Notat om bustadpolitikk

Her kan du lasta ned Unge funksjonshemmede sitt notat om bustadpolitikk.

Nyhendebrev om bustadpolitikken

Her kan du lasta ned Unge funksjonshemmede sitt nyhendebrev om bustadpolitikken.

Rapport

Last ned rapporten "Heim, kjære heim?" om busituasjonen for unge med nedsett funksjonsevne.