Hopp til hovedinnhold

Ny rapport om bustadspørsmål

Unge funksjonshemmede har kartlagt bustadsituasjonen for unge med nedsett funksjonsevne. Rapporten viser at det er mangel på tilgjengelege bustadar, og at høge bustadprisar skvisar mange sin økonomi.

Rapporten er laga på bakgrunn av ei spørreundersøking blant medlemmar av Unge funksjonshemmede sine medlemsorganisasjonar.

Her er nokre av funna i rapporten

• 61% av dei som trengte universelt utforma eller spesialtilpassa bustadar oppga at bustaden dei bur i no har avvik eller store avvik frå deira behov.
• 54% dekkar ikkje alle buutgiftene sine sjølve, men mottek bustøtte eller støtte frå slektningar.
• 78% ynskjer å kjøpa eigen bustad så snart som muleg. Den viktigaste grunnen til det er fridomen det gjev å eiga bustad.
• Dei fleste unge med nedsett funksjonsevne flyttar tidleg heimefrå, men dei mest økonomisk vanskelegstilte blir igjen, eller flyttar seint heimefrå.
• Mange har problem med å betala buutgiftene. Problema er vanlegast blant dei med låge inntekter og/eller høge buutgifter
• 94% har høyrt om BSU, men berre 21% sparar tilnærma maksimalt kvart år. 79% av dei som ikkje sparar maksimalt oppgjev dårleg råd som grunnen til at dei ikkje sparar meir.

Du kan lasta ned heile rapporten for å lesa meir.

Vedlegg

Notat om bustadpolitikk

Her kan du lasta ned Unge funksjonshemmede sitt notat om bustadpolitikk.

Nyhendebrev om bustadpolitikken

Her kan du lasta ned Unge funksjonshemmede sitt nyhendebrev om bustadpolitikken.

Rapport

Last ned rapporten "Heim, kjære heim?" om busituasjonen for unge med nedsett funksjonsevne.