Hopp til hovedinnhold

Kvifor bustadpolitikk?

Kva er problema med bustadmarknaden i dag for unge med nedsett funksjonsevne?

Livskvalitet

Å ha ein passande stad å bu er avgjerande for folk sin livskvalitet, og ungdom er spesielt sårbare på bustadmarknaden. Det er viktig at unge med nedsett funksjonsevne får lik sjanse som andre til å skaffa seg ein eigen bustad.

Den norske bustadmarknaden er prega av at ein stor del eig ein eigen bustad, noko som gjev både økonomisk vinst og god livskvalitet. Dei som ikkje har råd til å komma inn på sjølveigarmarknaden får difor store relative ulemper. At det er få ikkje-kommersielle utleigebustadar er dessutan med på å trekka leigeprisane opp.

Dyrt for dei med låg inntekt

Unge med nedsett funksjonsevne har som gruppe lågare yrkesdeltaking og dårlegare økonomi enn andre grupper, noko som gjer at mange slit på bustadmarknaden. Regjeringa si satsing på bustøtta er positiv, men kan ikkje erstatta andre bustadsosiale tiltak. Bustad som rett og velferdsgode må styrkast.

Treng tilgjengelege bustadar

Mange unge med nedsett funksjonsevne treng bustadar som er universelt utforma. Dette er i dag mangelvare. Det trengst ei storsatsing på universell utforming i bustadsektoren for å sikra nok tilgjengelege bustadar.

I tillegg til at mange treng universelt utforma bustadar treng andre individuelt tilpassa bustadar. Pr i dag må folk med nedsett funksjonsevne sjølve dekka størstedelen av kostnadane til å tilpassa / bygga om sine bustadar for å dekka behov som fyljer av deira diagnose. Rekninga for ombygging av hus som er naudsynt på grunn av diagnose bør i framtida takast av samfunnet, ikkje den einskilde si lommebok.

Notat om bustadpolitikk

Her kan du lasta ned Unge funksjonshemmede sitt notat om bustadpolitikk.

Nyhendebrev om bustadpolitikken

Her kan du lasta ned Unge funksjonshemmede sitt nyhendebrev om bustadpolitikken.

Rapport

Last ned rapporten "Heim, kjære heim?" om busituasjonen for unge med nedsett funksjonsevne.