Hopp til hovedinnhold

Høyringssvar om bustadpolitikken

Henta frå wikipedia commons. bilete av flyttekaos.

Unge funksjonshemmede har levert våre merknadar til NOU 21:15 om den sosiale bustadpolitikken. Me stiller oss positive til dei fleste framlegga, men etterlyser større og breiare inngrep for å sikra dei gruppene me representerer gode bustadar.

Eit viktig tema

Unge funksjonshemmede er glade for arbeidet som er gjort med NOU-en. Me håpar regjeringa snarast fyljer opp med ei stortingsmelding som sett mange av framlegga frå NOU-en ut i livet.
Bakgrunnen for Unge funksjonshemmede sitt engasjement for ein sosial bustadpolitikk er at dei gruppene me representerer har lågare arbeidsdeltaking og dårlegare økonomi enn gjennomsnittet. Difor er dei meir avhengige enn mange andre av ein sosial og inkluderande bustadpolitikk for å kunne bu godt. I tillegg er me opptekne av ein politikk som hjelper dei som treng ein universelt utforma bustad, eller har ekstrakostnadar knytt til tilpassing eller ombygging som er naudsynt som fylje av deira funksjonsnedsetting.

Oppbygginga av høyringssvaret.

Vårt høyringssvar har tre deler.

  • Den fyrste delen gjer kort reie for dei tre viktigaste sakane for oss.
  • Den andre delen slår fast kva me meiner om ei rekke andre konkrete saker. Det gjeld både ulike tiltakt utvalet føreslår, og forslag Unge funksjonshemmede sjølve kjem med.
  • Den tredje og siste delen kommenterer bustadpolitikken i eit vidare perspektiv, og seier noko om kva regjeringa bør skriva noko om i si stortingsmelding om bustadpolitikken.

Vedlegg

Notat om bustadpolitikk

Her kan du lasta ned Unge funksjonshemmede sitt notat om bustadpolitikk.

Nyhendebrev om bustadpolitikken

Her kan du lasta ned Unge funksjonshemmede sitt nyhendebrev om bustadpolitikken.

Rapport

Last ned rapporten "Heim, kjære heim?" om busituasjonen for unge med nedsett funksjonsevne.