Hopp til hovedinnhold

Gje unge rett til eigen bustad

Bilete av klubbe oppå lovbok. Teke av Unge funksjonshemmede, fri bruk.

Det er viktig at retten til ein eigen bustad blir forsterka. Alle som er over 18 år, og sjølve ynskjer å flytta heimefrå, bør ha rett til ein stad å bu.

I praksis vil dette sei at samfunnet må stilla opp gjennom NAV, Husbanken og andre organ for å sikra at denne retten blir innfridd, på linje med at samfunnet stiller opp for i innfri andre rettar, som retten til mat, utdanning og helsehjelp.

Kasta ut?

Unge med nedsett funksjonsevne kan ha fleire problem med å finna ein stad å bu, eller stå i fare for å bli kasta ut. Det er nettopp i samanhengar som dette prinsippet om bustad som rett er viktig. I fylje ei undersøking varierer det sterkt frå kommune til kommune i kva grad sosialkontoret er villige til å dekka bustadutgifter.

Butryggleik, altså å kunne bli buande i bustaden, er eit sentralt mål ved tildeling av bustøtte og bustadtilskot, mens det i sosialhjelpssakar ofte stillast krav om å flytta for å få tildelt ytinga[1].Barneloven slår fast at foreldre har fostringsplikt fram til barnet er 18 år, og fram til ungdommen er ferdig på vidaregåande skule. Etter dette opphøyrer plikta. [2]

Om NAV tvingar unge sosialhjelpssøkarar til å flytta heim kan institusjonen vera med på å nekta folk å leva sitt eige liv, og å ta frå folk meistringskjensla. Unge funksjonshemmede meiner at departementet sitt rundskriv om sosialhjelp[3] må gjera det klart at dette ikkje skal skje. I dag seier ikkje rundskrivet noko for eller mot dette.

Kva er ”akseptable butilhøve”?

Ein annan måte retten til å bu kan styrkast på er i tildelinga av Startlån. Denne blir styrt av kommunane. Dei kan avslå søknadar om huslån på bakgrunn av at søkaren ikkje har god nok økonomi til å handtera lånet, eller på bakgrunn av at søkaren allereie har ”akseptable butilhøve”[4].

Det er avgjerande at kommunane ikkje gjev unge søkarar om Startlån avslag med grunngjeving at dei kan bu greitt heime nokre år til. Retningslinene frå Husbanken[5] seier i dag ikkje noko om dette.

Unge funksjonshemmede meiner
  • Retten til bustad må styrkast i norsk lovverk og forvaltningssedvane.
  • AID sitt rundskriv om sosialhjelp må endrast, sånn at det gjer det klart at NAV ikkje kan stilla flytting til foreldreheimen som vilkår for sosialhjelp, eller bruka manglande flytting som grunnlag for å nekta sosialhjelp.
  • I retningslinjene for Startlån må det presiserast at søkarar over 18 år som er ferdige på vidaregåande skule ikkje kan få avslag med grunngjeving i at dei har ”akseptable butilhøve” i foreldreheimen.


[1] Mary Ann Stamsø. Boligpolitikken mellom velferd og marked. Avhandling for Dr. Polit-grada ved UiO, 2008.

[2]http://www.lovdata.no/all/hl-19810408-007.html Lese 29. sept. 2009

[3] Arbeids og inkluderingsdepartementet Rundskriv I-34/2001. Sosialtjenesteloven kapittel fem.

[4] Utenfor de boligsosiale ordningene. Nova-notat 1/ 2009. Side 60.

[5] Husbanken 2009. 7 B 13. Retningslinjer for Startlån frå Husbanken.

Notat om bustadpolitikk

Her kan du lasta ned Unge funksjonshemmede sitt notat om bustadpolitikk.

Nyhendebrev om bustadpolitikken

Her kan du lasta ned Unge funksjonshemmede sitt nyhendebrev om bustadpolitikken.

Rapport

Last ned rapporten "Heim, kjære heim?" om busituasjonen for unge med nedsett funksjonsevne.