Hopp til hovedinnhold

Fråsegn om bustadpolitikk

Generalforsamlinga i Unge funksjonshemmede vedtok 6. november 2011 ei fråsegn som slår fast at det er viktig at flest muleg bustadar er tilgjengelege for alle.

Me treng tilgjengelege bustadar!

Unge funksjonshemmede åtvarar regjeringa mot å lytta til byggenæringa sitt krav om å lempa på krava om at dei fleste bustadar som blir bygd skal vera tilgjengelge for alle. Det vil vera eit stort tilbakesteg for målet om eit inkluderande og likestilt samfunn.

I dag er berre ein liten del av bustadane i Noreg universelt utforma. Når folk som er avhengige av ein universelt utforma bustad leiter etter ny bustad, slit dei ofte med å finna ein passande bustad. Denne sommaren trådde nye byggereglar som krev at dei fleste bustadar skal vera tilgjengelege for alle, inkludert rullestolbrukarar, i kraft. Dette var eit  viktig og naudsynt framsteg. Kvart år blir det bygd bustadar tilsvarande ca 1% av eksisterande bustadmasse. Det vil sei at om det skal bli mange fleire universelt utforma bustadar, må dei aller fleste nye bustadar vera universelt utforma. Unge funksjonshemmede helsar difor dei nye byggereglane velkomne.

Diskusjon om kostnadar

For dei aller fleste bustadar aukar ikkje tilgjengelegheitskrava kostnadsnivået noko serleg. Unnataket er veldig små bustadar, ned mot 20 kvadrat. Her blir prisen litt høgare, fordi badet må vera noko større. Nokon argumenterer med at dei minste leiligheitane ikkje bør vera universelt utforma, og meiner det at det byggast fyrstekjøpsbustadar som er fritekne frå krava. 

Unge funksjonshemmede åtvarar mot å lytta til desse argumenta.

  • For det fyrste treng unge med nedsett funksjonsevne òg mulegheit til å kjøpa fyrstekjøpsbustadar, som må vera tilgjengelege.
  • For det andre ynskjer me oss mulegheita til å besøka vener og kjente. Om ungdomsbustadar konsekvent skal byggast utan krav til tilgjengelegheit betyr det at det blir vanskelegare for oss å ha eit aktivt sosialt liv.
  • For det tredje er hovudgrunnane til den sterke prisveksten på bustadar høg etterspurnad, lågt tilbod, skattemessige insentiv og låge lånerenter, ikkje krava til tilgjengelegheit. Sidan desse krava fyrst trådde i kraft i sommar er det knapt nok ferdigstilt bustadar som er bygd etter dei.
Tilbakesteg

Deler av byggenæringa har lenge argumentert mot krava til tilgjengelegheit. Seinast denne veka var mellom andre OBOS ute og ba regjeringa gå tilbake på den innførte forskrifta. Ein del politikarar ser ut til å gje etter for krava. Unge funksjonshemmede håpar at regjeringa står fast på den gode politikken som er innført. Å fjerna krava til tilgjengelegheit vil vera eit sjumilssteg tilbake i tid.

Notat om bustadpolitikk

Her kan du lasta ned Unge funksjonshemmede sitt notat om bustadpolitikk.

Nyhendebrev om bustadpolitikken

Her kan du lasta ned Unge funksjonshemmede sitt nyhendebrev om bustadpolitikken.

Rapport

Last ned rapporten "Heim, kjære heim?" om busituasjonen for unge med nedsett funksjonsevne.